Monthly Archives: mars 2011

Middel mot ein fæl vår

Eg ventar på at denne forferdelege våren skal vere over. Eg veit at eg bannar i kyrkja når eg seier det, men er det ikkje eigentleg sommaren alle ventar på når dei er så glade for at våren er komen?

Om våren kan ein ikkje gjere nokon ting kjekt. Våren klarer det kunststykket å vere grå sjølv når det er sol. Det er vått, trærne er ikkje grønne, men dei har heller ikkje noko pen snø på seg til å skjule dette faktumet, og det som elles finst av snø er ekle gamle klattar som ligg rundt og er irriterande. Å kle seg rett er ei utfordring. Det er ikkje kaldt, men gudane skal vite at det ikkje er varmt heller. Nei, det einaste som gir ei god kjensle om våren er forventninga om sommaren som skal kome.

No skal eg skrive litt om to gode bøker som eg har lese, men ikkje skrive om. Om du tykkjer at våren er tung, kan jo gode bøker hjelpe ei smule.

På sporet av den tapte tid av Marcel Proust

Ei venninne sa nyleg at når ho ser eller høyrer at folk har Proust som ein bokfavoritt, tenkjer ho straks «Blæææh.» Eg lurer på kva som er årsaken til ein slik reaksjon. Eg meiner, eg kan forstå kor den kjem frå reint intellektuelt, altså, ho trur vel at dei som proklamerer å elske Proust er hyklarar som eigentleig ikkje likar han og kun seier det for å virke smarte og betre enn andre. Det som ligg implisitt her er at ein klassikar som dette må vere så keisam og langdryg at det ikkje er mogleg genuint å like han.

No. Det er mogleg. Eg har riktignok berre lese det fyrste (som er ei riktig feit bok) av dette verket på tolv bind førebels, men eg gler meg til å fortsette når eg vert rik nok til å kjøpe dei neste bøkene. Proust kan skrive, og god skrivekunst kjennest ikkje keisam. Språket er rikt og gjer meg djupe, varme kjensler i skrotten (alle veit at kvaliteten på språk er noko av det som engasjerer meg mest her i verda). Boka er heller ikkje altfor alvorleg. Mang ein stad lo eg høgt av humoren og dei rare karakterane som dukkar opp. Proust er veldig glad i å ta lange omvegar om den faktiske handlinga når han har ein tanke han vil utdjupe, men fordi dei er så treffande skildra, er det ikkje noko problem. Sjølv sett eg stor pris på disse krumspringa.

Romkamerat C bemerka til og med at ho syntest det var triveleg å sjå kor mykje glede eg hadde av å lese boka der eg låg på sofaen i skinet frå eit stearinlys. Ei bok for dagar med mykje tid til å forsvinne i ei bok, vil eg si. Hurra!

Når ein først skal skyte nokon av Arnfinn Kolerud

Denne boka er fantastisk (gud, for eit meiningslaust utsegn). Det handlar om ei lita bygd, den siste i Noreg (eller Norike, som dei kallar det i boka) kor dei framleis held på nynorsken. Og ja, folka som bur der er fette gale. Her er det språkstrid teke til dei ytterste ekstremitetar, og det kan ein vel sjå som ei harselering med språktullinger som meg sjølv. Det er alltid noko fullstendig sprøtt som skjer. Det er alltid ein karakter galare enn den neste. Det er rett og slett praktfullt. Er du tilhengar av i-mål i nynorsken? Då kan du ikkje køyre Toyota. Toyoti vert det då. Skal du heie på Lillestrøm? Nei, Veslestraumen skal det vere. Og kva når isbjørnen Ivar vert ein populær figur blant Noregs folk? Han tek merksemda frå Ivar Aasen, så han må skytast.

Den som likar nynorsk, språk, eller tullete historier bør lese denne forteljinga. Sjølv er eg glad at det er den fyrste i ein planlagt triologi.

Det er godt å ha lysten til å lese i disse kjipe vårdagar. Oppgåver skriv eg også. Eg har til og med eit lite prosjekt med å slutte å røyke i minst ei veke (dette høyrest pinglete ut, eg veit, men det er viktig å setje seg overkommelege mål!) som byrjar no. Det skyldest berre dårleg økonomi, men hei, det er då betre enn inkje.


Utmatta kvinne

Eg har overlevd nok ein kvinnedag, og denne gongen merkar eg at eg er utruleg lei av både kvinner, kjønn og feminisme. Eg står ved at eg er min eigen type feminist, men no orkar eg ikkje snakke om det meir. Kvinnesaksprat gjer meg nesten lysten på å verte mann i staden.

8. mars i år skulle altså eg og Romkamerat C med mor og niese på vitjing dra på noko kvinnedagsstas i Folketeateret. Eg vart med for å vere sosial med dei, og fordi dei serverte gratis mat. At det var gratis mat, hadde òg kva eg vil anta var mesteparten av Oslos innvandrarkvinner fått med seg. Å ja. Eg veit eg har snakka om dei stereotype prismedvitne innvandrarane før, og enda meir lite politisk korrekt er det å kalle dei for gjerriggrådige, slik eg har det med å gjere i tale, men kva kan ein eigentleg seie når ein nesten vert meidd ned av hordar av fruer som raskar til seg eit heilt matfat i éi handvending? Att sto eg, med ein ussel appelsinbit i handa.

Nå ja. Dei hadde meir som var gratis. På eit bord såg eg esker med fargerike prikkar på og vart straks begeistra. Godteri? Nei, dama bak standen opplyste at det var pakker med kondom. Eg kunne ikkje ha vore meir vonbroten. Ho gav meg eit drops, då. Eg tykkjer for øvrig alltid at det er litt interessant med folk som står på stands som på ein eller annan måte er sex-relaterte. Ofte er dei beint fram feilaktige i kva dei går ut ifrå om seksuallivet til dei som dei møter. Til dømes trur eg at eg veit betre enn dei om eg burde teste meg for klamydia eller ikkje. Eg forsøkte å forklare dette ein gong eg havna i klørne på ei stand-helsesyster som ynskja at eg skulle gjere nettopp det. «Det er så enkelt, og det tek berre eit minutt!» sa ho. «Men eg har ikkje nokon grunn til å gjere det,» svarte eg nøkternt, og fekk straks beskjed om det har ALLE. Eg merka at eg vart lettare irritert av skråvissa hennar, og dydde meg berre med naud og neppe for å spørje om ho kanskje trudde at det var grunnlag for å frykte klamydia frå noko slikt som eit offentleg symjebasseng. Ikkje? Nei, då kan me nok seie at eg kunne leve utan å teste meg.

Etter matkrig og dropskondom, var det tid for å sjå på underhaldninga dei hadde. Det vart mykje prat om slike tema som gjer meg både matt og litt døande på innsida. Kjensla eg satt att med var ei av å vere på partimøte i nokre venstrevridde greier. Korleis dei kunne presentere dette som noko allment er over mi fatteevne. Eigentleg kan man seie at det er litt som velmenande damer på stand. Dei går ut ifrå ein heil del om deg som person, berre så dei kan presentere bodskapen sin på glattast mogleg vis. Her var det underforstått kor innmari sosialistiske me alle er. Me bur jo tross alt i Noreg. Eg hadde ikkje vore forbausa om  eit bilete av Jens dukka opp på projektoren med glorie og strålar om hovudet. Godt var det at dei hadde nokre karar som dansa til felemusikk, så øyra fekk kvile og restituere seg litt.

Nei, når eg vert berømt og har samla ork, skal eg ta kvinnesaka i eigne hender. Det er slikt som Romkamerat C og eg seier støtt og stadig når me har fått for mykje av driten. Og det gjer me lett og ofte, så mykje tull som ein lyt halde ut no til dags.

Når det er mannedag skal me nok sjå til å feire.


Korleis gjere ein god all-nighter?

Det kjipe med å studere er at ein må skrive oppgåver. Men det er ingen grunn til bekymring! Ei oppgåve kan skrivast på ei natt.

• Drikk mykje kaffi. Sjølvsagt. Om du trur at du har lyst på te, melk eller noko anna teit, veit du kva det er: Satans søvn som freistar å overmanne deg. Det finst kun kaffi for deg i natt.
• Sitt ubehageleg. Ikkje så ille at du får vondt, men å sitte på ein plass som til dømes senga er den største synd du kan gjere på ein all-nighter. Eksperimenter gjerne med uortodokse posisjonar som du ikkje ville sovna i.
• Lytt til intens musikk. Mjuk bakgrunnsmusikk kan du berre gløyme. Aller helst skal musikken engasjere (fenge!) deg, og med nokre timars mellomrom (minst!) må du skifte han ut med ein annan tilsvarande energisk artist/sjanger, så han ikkje vert bakgrunnsdur som kan lulle deg i søvn. Bruk øyretelefonar så du kan ha han på HØGT sjølv om det er natt. Dempa musikk er ein fiende, og svulstige balladar er ikkje motiverande nok, uansett kor mykje ditt brustne hjarte prøver å seie deg noko anna.
• Ta deg jamnlege røykepausar utandørs. Eg drit i om du ikkje røykar, eller om du brukar å røyke inne. Du må ut i kulda! Nikotinen kvikkar opp, men kald luft komplementerer han. Ver barsk og unnlat å ta på deg jakke.
• Når me no snakkar om kald luft: Ikkje ha det for varmt i rommet. Når det er varmt på ein ubehageleg måte, vert du sint. Når det er varmt på ein behageleg måte, vert du trøtt. Altså må det vere litt kaldt.
• Om du kjenner at du har lyst til å gje kva som helst for ein liten blund, er det verkeleg fare på ferde. Dette er eit punkt som du kjem til å nå. Ikkje lat som om du kan sove i ein halvtime for så å stå friskt opp til å halde fram med oppgåva. Gå og ta deg en ein kort dusj. Det er ein grunn til at dette plar hjelpe på tidlege morgonar.

• Og mest av alt: Visualiser til det fulle skammen som kjem til å skylje over deg om du ikkje klarer det. Eg likar ikkje skam, men det kan òg vere ein pådrivar, og ein nyttar jo det ein har.